Om oss

Vi er 6 tilsette på heiltid – 5 røyrleggjarar og kontordame.  Vi har kontor og lager på Bjørnarå – pluss lager og utstilling/butikk på Hovden.

T. Bjørnarå Aut. røyrleggjarforretning blei etablera i Bykle i juli 1978.  I 2004 blei vi AS, og fekk ei avdeling på Hovden. Denne er betjent av Pål K. Berntzen.  Han tek også oppdrag austover i Telemark. 

T. Bjørnarå AS har heile øvre Setesdal som arbeidsplass, frå Hovden i nord til Ose i sør.  Bykle, Valle og Rysstad er for det meste betjent av Torgeir Bjørnarå og sonen Bjørgulv. Sistnemde har også meistarbrev og teknisk fagskule.  Vi utfører alt innan røyrleggjararbeidet: nybygg, modernisering og reparasjonar.

Vi utfører også kjerneboring opp til 400 mm.  Vi har hatt lærlingar i bedrifta stort sett heile driftsperioden.  Den siste som tok fagprøva var ei av få kvinnlege røyrleggjarar i landet.